Workation i Alicante

Workation i Spania – 11.–18. april 2026🌿💚

For yogalærarar, terapeutar, livsstilsrettleiarar, coachar og liknande

Drøymer du om å kombinere jobb, inspirasjon og fellesskap i solfylte omgjevnader?
Kjenner du deg stundom einsam i rolla di, og lengtar etter eit nettverk der samarbeid kjem før konkurranse?

Me har leita – og funne den perfekte staden for å kunne tilby deg det aller beste!

Det nydelege retreathuset me skal bu i, ligg i ein liten fjellandsby ved eit naturreservat. I nærleiken finn du naturlege saltvasskjelder med helande kraft for musklar og ledd – eit ekte spa i naturen!

Her kan du nyte sola og leve eit enkelt liv i lette klede. Du kan vandre på stiane som slyngjer seg oppover fjella og nedover i dalen, kjenne den varmande sola, bade i saltvassbassenget i den frodige hagen – og veksle mellom egentid og fellesskap. Glede, refleksjon og ro er alltid innan rekkevidde.

 

Kva du får:

  • Inspirerande morgon- og kveldspraksisar. Om du vil dele ei av dine eigne økter og få tilbakemelding, er dette heilt frivillig.

  • Tre smakfulle, næringsrike måltid kvar dag, tilberedt av egen kokk – ein fargerik fest for kropp og sjel.

  • Felles gå-, jogge- og trimturar i vakker natur.

  • Utflukt til naturens eige spa: leire med helande egenskapar,  flyting i saltsjø og total fornying.

  • Inspirasjonsworkshops:

    • Arbeidsflyt, mål og prioriteringar

    • Naturterapi og elementa

    • Mantrameditasjonar for å finne di retning

    • Pusteteknikkar for klarheit og energi

  • For dei som ønskjer (mot eit tillegg):
  • Helande massasje med vår egen terapeut – ein av dei beste me nokon gong har opplevd!
  • Yogaterapi (begrensa antal plasser)
 
🌿Workation-fordelar:
  • Ta med PC-en og jobb med draumen din frå solrike Spania.

  • Få inspirasjon frå andre som har bygd sine egne verksemder.

  • Planlegg året ditt, sett mål og finn klarheit i kva veg du vil utvikle deg.

  • Reise og opphald kan trekkjast frå i firmaet ditt.

Her møtest me som vil noko meir og skaper eit fellesskap som varer lenge etter at veka er over.

Pris kr 15.500,-

Spar kr 1500 og få Early bird pris fram til 15. desember:

Kr 14.000,- 

Inkluderer alt program, overnatting og tre måltid dagleg. 

Plassane er begrensa. Påmeldinga er bindande. Betaling innen 15. januar. Påmeldingsfrist er 15. januar. 

 Du bestiller deg reise sjølv. 

 

 

For spørsmål og påmelding, send e-post til: [email protected]