Drømmetur til Villa Dorothea
Yoga - Vandretur - Kvile
11.–18. september 2027
Har du drøymt om å vakne til fuglesong, morgonsol og mjuke yogaøkter, omgitt av fjell, vakre hagar og den lune middelhavslufta?
Bli med på ei heilt spesiell veke ved Villa Dorothea Retreat i Alicante – eit eventyrleg retreat som mange kjærleg omtalar som «Yogaslottet».
Villa Dorothea ligg fredfullt til ved foten av dei majestetiske Aitana-fjella, berre ein kort tur frå Middelhavet. Her får du det beste av to verdener: djup kvile og inspirerande opplevingar. Dette er ein stad skapt for påfyll, nærvær og livsglede.
Gjennom veka inviterer vi deg til å senke skuldrane og finne tilbake til rytmen som ofte forsvinn i ein travel kvardag. Dagane byr på yoga, meditasjon, fellesskap, gode måltid og vandringar på den historiske pilegrimsruta Santiago de Compostela.
Førestill deg å starte dagen med yoga i stille morgonlys. Deretter nyte ein lang frukost i dei vakre hagane, lese ei bok ved bassenget eller bli med på vandring gjennom det vakre spanske landskapet. Om kvelden samlast vi til gode måltid, varme samtalar og den heilt spesielle roen som oppstår når ein verkeleg har tid til å vere til stades.
Dette får du oppleve:
🌿 Daglege yogaøkter
🌿 Meditasjon, pust og avspenning
🌿 Tid til kvile, refleksjon og eigentid
🌿 Ein eller to guidede pilegrimsvandringar langs Santiago-ruta
🌿 Vakre hagar og fredelege omgjevnader
🌿 Nydeleg bassengområde
🌿 Middelhavsmat eller vegetar-/veganmat laga av dyktige kokkar
🌿 Te, kaffi og gratis drikkevatn
🌿 Flotte turmoglegheiter rett utanfor døra
For deg som ønskjer litt ekstra velvære, vil det også vere mogleg å bestille massasje.
Denne reisa passar for deg som lengtar etter meir ro, meir energi og meir kontakt med deg sjølv. For deg som ønskjer å kjenne sola varme huden, puste djupare, bevege kroppen mjukt og oppleve den heilt spesielle kjensla av å vere på vandring – både ytre og indre.
Kanskje kjem du heim med nye perspektiv, med nye vennskap og ei djupare kjensle av kven du er.
Velkomen til ei veke for kropp, sinn og sjel – i vakre omgjevnader ved Middelhavet.
Pris:
Enkeltrom: kr 17.500
Dobbeltrom: kr 16.000
Tidlig ute pris– ved påmelding innan 1. november 2026:
Enkeltrom: kr 17 000,- Dobbeltrom: kr 15 500,-
Inkludert: Overnatting, tre herlege daglege måltid, alt program utenom dei to guida turane.
I tillegg kjem: Flybillett. Du bookar fra den flyplassen som passer deg, men venter med å bestille flybillett til du får beskjed om at det er klart.
Andre frivillige tillegg: taxi til stranda, massasje og dei to guida turane.
Me har eit avgrensa tal plassar, og desse reisene blir ofte fylte opp tidleg. Dersom du kjenner at dette kallar på deg, anbefaler me at du sikrar deg plass i god tid.